Hva er FFU?

Farmasøytisk Fagutval (FFU):
Farmasøytisk Fagutval består av tillitsvalt frå kvart kull  (til saman 5
personar) og dei resterande 5-6 styreplassane vert valt inn på allmøte i
starten av kvart haustsemester for å fylle ulike verv. FFU kjempar for
det faglege miljøet for studentane og har mellom anna hatt paneldebatt,
filmvisning, foredrag og veterinærmedisinkurs. FFU er bindeleddet mellom
studentane og administrasjonen på fakultets og universitetsnivå. I
tillegg vert ein kjend med studentar over alle kull og det er ein
fantastisk måte å skape nettverk både under studietida og etter studiet.
På det sosiale har FFU ansvaret for velkomstdrink både på julebordet og
vårfest, noko som styrker det sosiale koplinga i utvalet i tillegg til
bli-kjend-middagar som vert arrangert kvar haust. Det er omlag 1-2 møter
per 2 månader der hyppigheita varierar grunna arbeid som må
gjennomførast og ulike kull sine eksamensperiodar.

Sarah Marie Vie Furevik
Leiar FFU

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *